Styrke sine nettsider

Igjen er det debatt om sjukelønna.

Debatt innlegg fra klubbleder Mongstad Kjetil Gjerstad om sykelønnsordningen

Screenshot

Eg og mange med meg hadde eit håp om at når IA-avtalen vart underskrive for perioden 2025 til 2028 så skulle me sleppa nye angrep på den kanskje viktigaste velferdsordningen for oss arbeidsfolk. Nemlig at me er sikra (tilnærma) full lønn det første året me er sjuke.

Eg gjorde meg mange tankar i perioden debatten om IA avtale gjekk hausten 2024. Aldri har eg vel vært stoltare medlem enn då tidligare LO leder stod åleine, med ein million medlemmer i ryggen, på NRK-debatten mot arbeidsgjevarane og dei andre fagforeningane på den andre sida.

Politikarane er veldig ivrige med å påstå at høgt sjukefråvær handlar om at ordningen er for gode, underforstått at sjuke folk manglar motivasjon til arbeid. Mi påstand er at dette er feil. Spør heller, kva er det som hindrar sjukefråvær og særlig langtidsfråvær.

  1. Du har ein arbeidsgjevar og eit arbeidsmiljø som ikkje skader eller gjer deg sjuk
  2. Du unngår skade/ulykker eller har vært heldig med genene dine, slik at du tåler det livet utsetter deg for
  3. Vårt fantastiske helsevesen gjer deg frisk dersom dersom 1 og 2 ikkje slår til
  4. Dersom dei tre første ikkje slår til, er du avhengig av å ha ein arbeidsgjevar som både har lyst og evner å legge til rette for at du framleis skal kunne stå i arbeid. Eller at du finn ein ny arbeidsgjevar som er villig til å gje ein person med sjukehistorikk ein sjanse

Ingen av desse punkta vert påvirka av om den som er sjuk får dårligare økonomi, det einaste ein oppnår med det er å legge ytterligare ein stein til byrden.

«Noregs sjukefråvær er så mykje høgare enn land me likar å sammenlikna oss med», seies det.

Ja, la oss sammenlikna oss med andre land. Eg har her valgt eit som me «alltid» høyrer om, og så har eg valgt eit som me aldri høyrer om, men som har ein heilt annan tilnærming enn kva debatten oftes går på

  • Sverige:
    • Har karensdag
    • Har full sjukelønn i 6 månader, deretter mister du jobben og går over i arbeidsledighet og dermed over i ein annan statistikk

Karensdagen har to hovedproblem slik eg ser det

  • Den skaper klassedeling mellom arbeidstakergrupper som har råd eller ikkje råd til å gå dager uten lønn
    • Den skaper klassedeling mellom arbeidstakergrupper som kan ta heimekontor og dei som ikkje kan det.

Når me i tillegg veit at det som oftast er dei som har best lønn, og dermed «tåler» best ein dag uten lønn, er dei som kan bruka heimekontor. Ja så vert dette ekstra urettferdig

Kun 6 månder sjukelønn og så over til arbeidsledighetstrygd, skulle vel ikkje bety så mykje? Ein har jo inntektssikring uansett.

Ja, det har ein, så lenge ein er frisk nok til å ta seg nytt arbeid, om ikkje så kan ein ikkje få arbeidsledighetstrygd og dermed må ein stola på sosialstønad og familie og venner. Dette skaper fattigdom og ein samfunn i alle fall ikkje eg ønsker meg

  • På den andre sida, Sverige har 120 dager med «sjuke barn»
    • Kan det ha noko å sei for at karensdagen ikkje treffer altfor ille. Kor mange foreldre, og kanskje særlig mødre , har måtta bruka egne sjukedager fordi ungane igjen har kommet heim frå barnehage og skule med sjukdom og «sjuke barn» dagane er oppbrukt?
  • Nederland
    • Har 2 år med sjukepengar, men med litt redusert ytelse. Dei fleste får 100% første året og redusert til 70% andre året. Kravet er 170% over to år.
    • Det er arbeidsgjevarane som betaler sjukelønna, ikkje staten.
      • Dei fleste arbeidsgjevarar forsikrer seg nok mot denne utgiften. Forsikringer kostar penger, og vert nok rimeligare dersom arbeidsgjevar kan visa til lave sjukefråværstall.
    • Sjukefråværet i Nederland er på rundt 2,8%

Dette høyres jo fantastisk ut, kan dette være løysinga på våre problem?

Eg meiner nei, for eit slikt system vil kunne straffe arbeidsgjevarar som tar sjansen på å ansetta personar med nedsatt arbeidsevne eller sjukehistorikk

Ordningen i Norge er, som mange andre ordninger, tillitbasert. Dette gjer at det alltid vil være muligheter for at enkeltindivider kan utnytte den. Derfor har me både kontroll og reguleringsmekanismer for å hindre dette.

Så er den norske modellen perfekt? Eg meiner at på mange måtar er den det.

  • Den sikrar lønn under sjukdom for arbeidsfolk
  • Den sørger for at arbeidsgjevarar kan «ta sjansen» på ansetta personar som ikkje alltid kan yte 100%
    • Staten overtar ansvaret for inntektssikring etter relativ kort tid
  • For å finansiere denne ordningen betaler arbeidsgjevarane ei avgift. Populært kalla «Arbeidsgjevaravgifta»               

Mitt enkle budskap denne januarmånaden 2026 er. Slå ring om sjukelønnordninga, la oss sammen jobbe for lavare sjukefråvær og høgare innkludering av dei som ikkje alltid kan yte 100%.